page view image

Dugnadsfest for alle frivillige

Information
event image

Norsk Countrytreff inviterer alle våre fantastiske frivillige til årets frivilligfest!
Etter ein rekordstor jubileumsfestival er det på tide å feire innsatsen, samhaldet og alt det vi fekk til saman 💪🤠

Kvelden byr på underhaldning, dans og mykje god stemning – slik berre NCT-gjengen kan skape det.
Dette er vår måte å seie tusen takk for innsatsen de legg ned kvart år! Frivilligfesten er open for alle som har vore frivillig på NCT dei siste åra, ikkje berre i 2025!

📅 Dato: Laurdag 13. desember 2025
📍 Stad: Breimshallen
🕖 Tid: Dørene opnar kl. 19.00
🍽️ Servering: Gardsbrenneriet har bar kor du kan få kjøpe forfriskningar og vi lagar til litt å bite i du kan kjøpe i kiosken
🎶 Underhaldning:
- 19.30 - 20.30: Erlend Gunstveit med band skapar julestemning
- 21.00 - 01.00: Steff Nevers med band spelar opp til dans (kansellert pga sjukdom)
- 21.00 - 01.00: Lene Herskedal & Tommy Hattrem spelar opp til dans
🤠 Inngangsbillett: 0,-
Antrekk: Casual