page view image

Norsk Countrytreff 2026

Bli med på Noregs beste countryfestival!

Informasjon
event image

I tidsrommet 8. til 12.juli 2026 blir Norsk Countrytreff arrangert for 31. gang på Norsk Fjordhestgard i Breim, Gloppen kommune. I løpet av 5 dagar vil heile 28 norske og internasjonale artistar stå på ei av dei mange scenene vi har rundt om i kommunen. 

Komplett artistliste og program finn du etter kvart på våre nettsider https://www.norskcountrytreff.no/

MERK! Personar under 18 år har ikkje tilgang til kaféscena etter kl. 18:00. Ungdomsbillett (13-17år) kan kun kjøpast ved inngang til arenaen. Alder blir kontrollert ved ankomst. Vi godtek digitale IDkort, og våre terminaler har funksjon for å verifisere dette. 

Vi har eige område ved hovudscena for besøkande under 18 år.

country breim countryfestival norskcountrytreff

Restriksjoner

Norsk Countrytreff er kontantlaus. Våre terminalar godtek debitkort og dei vanlegaste kredittkorta i Norge, og du kan også Tæppe med Vipps.

Festivalcamping har til ei kvar tid 18-årsgrense, og alle våre skjenkeområder har 18-års aldersgrense etter kl. 18 kvar kveld.

Alder blir verifisert ved ankomst.

Vi godtek digitale IDkort, og våre terminaler har funksjon for å verifisere dette (Gjer klar ID-kortet/BankID på telefonen din på førehand).

Kjøpte billettar vert ikkje refundert.

Ved gjentatte brot på ordensreglar, står Norsk Countrytreff fritt til å vise vekk personar utan å refundere billettar.

Dyr er ikkje tillatt på campingområdet og på festivalområdet. Unntak for førarhund med gyldig attest.

Ansvarsfraskrivelse

Norsk Countrytreff kan ikkje lastast for force majeure. Kjøpte billettar vert ikkje refundert.