Barnas Countrytreff 2019

Arrangementsinformasjon

Trivselshagen, Sandane fredag 12.juli kl.11.00

Barna er viktig for oss i Norsk Countrytreff. Difor arrangerer vi vårt eige countrytreff for barna fredag frå kl. 11.00 til 13.30. Trivselshagen er arena for dagen, og her vil vi skape ekte festivalstemning for barn og unge!

Vi startar det heile med ein konsert i kultursalen med gruppa Muntre Musikanter. Deretter vil det bli pølser i lange baner servert i fellesarealet. Biblioteket er ope og har countrymusikk og cowboyar som tema.  Tradisjonen tru vert det også i år vere køyring med hest og kjerre og andre barnevennlege country-aktivitetar.

Barnas Countrytreff passar for barn i barnehagealder og opp til 4.klasse. Konserten og aktivitetane er gratis.

barnas
countrytreff
trivselshagen
nct
breim
sandane
blåstrå
cowboy

Restriksjoner

NB! Alle barnehagar i Gloppen blir invitert til å delta. Resterande billettar blir lagt ut for andre. Dette arrangementet krev påmelding på grunn av plassavgrensingar.

Ansvarsfraskrivelse

Billettar er gratis, du treng ikkje skrive den ut