Hjelp
© TicketCo AS 2023.
Vilkår for sluttbrukere (billettkjøpere)
Vilkår for arrangører.
FOR FØRSTE GANG I SKANDINAVIA - STEMMA BAK "YOUR MAN", "WOULD YOU GO WITH ME", "FIRECRACKER"
og mange mange fleire store country-hits dei siste 20 åra!
Artist line-up 2023:
Kjøper du billett på førehand får du:
I 2023 blir Norsk Countrytreff (NCT) arrangert for 27.gong. I løpet av andre helga i juli vil 30 artistar/band stå på scena på fleire arenaer i heile kommunen. Hovudarenaen ligg på Norsk Fjordhestgard på Breim i Gloppen kommune.
Sidan første festivalen i 1995, har festivalen sakte men sikkert vakse seg til å bli eitt av dei største kulturarrangementa i Sogn og Fjordane, og det største arrangementet på Vestlandet innan sin sjanger. Frå 2000 besøkande første året, var det i 2022 ny publikumsrekord med 17 900 konsertbesøkande på arrangementa, som alle finn stad i Gloppen.
NCT har ikkje som målsetting å bli den største festivalen, men å vere den beste. Kvalitet på alle plan er kjennemerket vårt. Vi prøver kvart år å vidareutvikle organisasjonen både for artistar, publikum og ikkje minst for alle dei 700 funksjonærane som trår til desse dagane. Det har blitt ein tradisjon for Glopparar og andre countryinteresserte å sette av denne helga til dugnadsarbeid, sosialt fellesskap og kulturelt påfyll. Det er ein tradisjon vi håpar vil halde fram i mange år, og ved å ha ei kontinuerlig utvikling trur vi dette er mogleg.
Er du under 13 år er det gratis utanfor skjenkeområdet.